Om godøy kystmuseum
Velkomen til Godøy Kystmuseum – ein portal til historie og kulturarv.
Museet vårt fortel historia om kystsamfunnet, folket, tradisjonane og levemåten gjennom tidene.
Godøy kystmuseum tilbyr varierte utstillingar fordelt over tre etasjar i ei eldre skulebygning, ei gammal losstove frå 1800-talet og ei samling av tradisjonsbåtar og båtmotorar i naustet.
Losutstillinga i Oppigardstova viser lokal loshistorie. Ei arkeologiske utstilling i kjellaren syner arkeologoske funn frå dei fire øyane i kommunen, med særleg vekt på rike steinalderfunn frå Godøya og unike bronsealderfunn frå Giske. Forhistoria frå heile kommunen vert presentert med særleg fokus på dei store gravhaugane frå romersk jarnalder. 7 av dei 11 storhaugane på Sunnmøre ligg på øyane i Giske.
På loftet finn du ei autentisk krigsminneutstilling. I dei to første krigsåra var dette loftet gøymestad for flyktningar på flukt frå Gestapo. I februar 1942 vart ei fluktgruppe på veg hit infiltrert av Rinnan-banden, og 18 av flyktningane skotne.
Utstillinga fortel om krigshandlingar, om motstandsarbeidet heime, om Shetlandstrafikken og Krigsseglarane, om dei som kom att og om dei som ikkje kom heim, men gav livet for fridom og fedreland.
I kjellaren kan du lære mykje om fiske og fangst langs kysten av Sunnmøre, med vekt på historia om linefisket, som du og kan sjå film om i det vesle film-amfiet. I utstillinga finst det ei mengd av gjenstandar du kan studere og lære bruken av, også om fiskemottak, klippfisktørking og kvalfangst m.a.
